top of page

Det heile begynte på eit lite atelier, rundt år 2010.

Nesten uten at eg sjølv merka det, skjedde det oftare og oftare at eg berre MÅTTE skriva ned ting.

Det kunne skje i frustrerande situasjonar, der eg plutselig såg komikken midt oppi det heila, og ellers ved små og store hendelsar og funderingar i kvardagen.

 

Begynte fort å kombinera skrivinga med skisser, og det blei satt opp på «timeplanen»; ein tekst daglig kombinert med tegning.

Som eg skreiv i forordet til bøkene, så var detta mest av alt for å få fart på fantasien (og uhøgtidlegheten) i tegnearbeidet. Eit hjelpemiddel for å utvikla ferdighetene.

 

Som eg óg nevnte i forordet, så blei eg hekta på begge deler.

Bunken med tekst og tegningar vaks seg større og større.

Når eg til slutt viste det fram til andre, såg eg ofta gjenkjennande blikk, små sukk, og latter mens dei bladde i bunken.

 

Såg nesten ut som det gjorde dei litt godt…

 

Og det var vel det som førte til at ideen om å laga bok/ bøker av arbeidene eg hadde samla, blei fødd.

Eg fekk lyst å dela tankane med andre.

ILLUSTRASJONAR I AKVARELL/TUSJ

 

Etter at bøkene blei utgitt, har eg og lagt nye versjonar av illustrasjonane, denne gongen i akvarell/tusj, med utdrag av teksten på bildene.

Både dei originale illustrasjonane i svart/kvitt og dei nye versjonane i fargar, er lagt i A3 størrelse og er til salgs.

Sjå illustrasjonane i galleriet under:

Klikk på det store bildet for å se hele bildet.

 

Litt om bøkene

«Ka i alle dagar...?»

og «Javel?»: 

Ka i alle dagar...?

bottom of page